Her kan du søkja om å vere ringevikar ved Masfjorden sjukeheim. Masfjorden sjukeheim ligg på Hosteland i Masfjorden, og har 32 sengeplassar. Me ser etter deg som kan arbeide når våre fast tilsette er borte frå arbeid, for eksempel ved sjukdom, permisjonar og i feriar.
Kort om stillinga
Som ringevikar forpliktar du deg ikkje til ei fast arbeidstid eller arbeidsmengde, men du avtaler ledige vakter som passer for deg. Ein ringevikaravtale er berre forpliktande for dei vaktene du har avtalt. Dersom du er interessert i spesielle stillingar med fast arbeidstid må du følgje med på nettet og søkje konkrete stillingar som vert lyst ledige.
Me har ikkje søknadsfrist, og vurderer søkjarane fortløpande etterkvart som søknadene kjem inn.
Politiattest
I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om godkjend politiattest ved tiltrede.
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
Helseavdelinga i Masfjorden kommune består av legekontor, helsestasjon, psykisk helse, ergoterapi- og fysioterapiteneste.
Kontor for ergoterapi er lokalisert ved Masfjorden sjukeheim på Hosteland.