Me søkjer etter tilkallingsvikarer til 4 ulike bueiningar for menneske med ei nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Dette er tenestemottakarar som har ein 2-1 bemanning og behovet vil i stor grad vera døgnvakter i medleverturnus. Det vil innimellom òg vera behov for ordinære vakter (7,5 timar).
Tenestestadene er geografisk lokaliserte på fire adresser i Alver kommune, og det er ein tenestemottakar pr tenestestad.
Følgje opp dei faglege målsetjingane i bustaden og hjelp tenestemottakar i dei daglege gjeremåla/aktivitetane sine.
Alle tenestemottakarane har vedtak etter Helse og omsorgstenestelova § 9, som regulerer bruk av makt og tvang.
Dette betyr at det den som søkjar må vera førebudd på at det kan oppstå situasjonar som vil vera utfordrande for både tenestemottakar og tenesteytar.
Me søkjer etter engasjerte personar som har ei positiv innstilling, er nysgjerrig og lærevillig. Liker å jobba i team. Har evne til å handla sjølvstendig, ta ansvar og reflektera over eigen og teamet si praksis. Har gode relasjons- og kommunikasjonsferdigheiter.
Erfaring frå arbeid med utfordrande åtferd og arbeid etter vedtak etter § 9 i Helse og omsorgstenestelova, funksjonsstøttende kommunikasjon og traumebasert omsorg vil bli vektlagt.
Søkjarar må ha sertifikat og god fysisk helse.
I det eine tiltaket jobbar det berre damer
Studentar innan vernepleie, sjukepleie, sosionom, barnevern, psykologi, helsefag og liknande er ønskjeleg.
Løn etter gjeldande avtale
Studentløn for sjukepleiar-/vernepleiarstudentar
God pensjonsordning
I tråd med helsepersonellova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Som medarbeidar hos oss har du ein spanande og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad»
Heimetenesta har avdelingar i ulike geografiske område; Manger , Frekhaug, Knarvik( 2 avdelingar) , Ostereidet, Alversund og Lindås.
Avdeling Manger og Ostereidet driftar også omsorg pluss bustadar. Kvar avdeling er organisert med eigen avdelingsleiar og fagansvarleg.
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund, Frekhaug og Knarvik.