LEDIGE STILLINGER / VESTLAND / MASFJORDEN
Helgestilling Masfjorden sjukeheim
Arbeidsgiver: Masfjorden kommune
Stillingstittel: Helgestilling Masfjorden sjukeheim (november 2024)
Ansettelsesform: Fast / Deltid

Om stillinga

Masfjorden sjukeheim ligg på Hosteland i Masfjorden, og har 32 sengeplassar. Me har ledige helgestillingar med arbeid kvar 2. eller 3.helg. Stillingsstorleik på 14-20% avhengig av kor ofte du jobber helg.  Arbeidstida er laurdagar og sundagar på dag- og/eller kveldsvakt.   


Me ser etter deg som  

  • Har helsefagleg utdanning, eller 
  • Er elev/student og ønskjer helgestilling, eller 
  • Ikkje har utdanning, men erfaring/interesse for arbeid på sjukeheim 

Du må  

  • Vere påliteleg, arbeidssom og sjølvstendig i ditt arbeid 
  • Vere fleksibel og kunne samhandle godt med brukarar, pårørande og kollegaer 
  • Snakke og forstå norsk godt (har du eit anna morsmål enn norsk er kravet B1) 

Me tilbyr  

  • Ein interessant og utfordrande jobb saman med dyktige kollegaer 
  • Ein arbeidsplass der du får utvikle gode haldningar til arbeidet 
  • Varierte arbeidsoppgåver 
  • Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket  

Søknad og tilsetjing 

Me har ikkje søknadsfrist, og vurderer søkjarane fortløpande etterkvart som søknadene kjem inn.


Slik søkjer du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert søknaden sjåande ut i søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med personalavdelinga. 


Sektor: Offentlig
Sted:
Hosteland, 5986 HOSTELAND
Antall stillinger: 1
Publisert: 2024-11-10 23:00:00
Oppdatert: 2024-11-11 13:33:11
Utløpsdato: 2025-11-10 23:00:00
Om arbeidsgiver
Masfjorden kommune

Helseavdelinga i Masfjorden kommune består av legekontor, helsestasjon, psykisk helse, ergoterapi- og fysioterapiteneste.

Kontor for ergoterapi er lokalisert ved Masfjorden sjukeheim på Hosteland.

Organisasjonsnummer:
974582899